NVF-banner

 

Sollia PrestegårdSollia Prestegård

Vil du vite meir om Sollia, finn du meir på heimesida.

 


Huldrelått og geitelokking

Vi hadde sett på oversikten over festivalar i Norden og trudde vi hadde oversikt over dei få visefestivalane Noreg kan by på. Vi oppdaga etter kvart at det finnes lokale ukjende spell som kan vere like interessante som dei store annonserte festivala. Vi vitja ein av dei.

Sarah NagellØvst i Østerdalen i Storelvdal kommune, ligg Sollia prestegard med seter, beitemark og fjell. Det er ikkje så mange prestar der i dag, men det kryr av geiter og du kan og treffe på budeier som lokker på dyra eller sit og syng tradisjonssanger. Her er ein del av den vokale folkemusikken framleis i levande live og i dagleg bruk.

Lokking er ei musikkform som høyrer til det vi kaller funksjonsmusikk eller funksjonssang. Den har ganske enkelt som funksjon å fortelle geitene (eller kyrne) at no er det på tide å kome heim og fylle mjølketanken. Og kjenner dei att stemmen til budeia, så veit dei kor dei skal.

Så har også dei kreative budeiene utvikla den enkle lokken til flotte melodiar, gjerne med tekst til. På den måten går lokken over fra å være reint funksjonal tilknytta arbeidet, til å fungere som lyarslått med tanke på å kunne brukas i konsertsammenheng. Og det kan og settes instrumentalt akkompagnement til.

Ellen TangenEllen Tangen driv Sollia prestegård saman med familien sin. Ho har vore opptatt av folkemusikk og sunget i lokalmiljøet i mange år. Ønske om å lære meir og utvikle uttrykket sitt førte ho til studiet i folkemusikk ved Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland. Ho bruker ikkje tid på å fremheve seg sjølv. Ho inviterer til visefest på setra og ser til at dei som er kring ho får slippe til, midt mellom melking og speking. Ho er ei viktig kraft i det lokale kulturlivet. I tilegg har ho gjeve ut plate og har fleire oppdrag som utøvande artist.

På Rauland begynte ho å synge saman med medstudentane Magnhild Berge og Sarah Nagell. Med norsk-amerikansk-japansk kvartett fikk dei reisestøtte og dro mellom anna til Japan, kor dei hadde fleire konsertar.

Magnhild BergeMagnhild Berge er budeie på Sollia. I tilegg er ho eit stort sangtalent med stort stemmeomfang og autoritet i formidlinga.

Sarah Nagell (på det øvste biletet) er songar og felespelar frå USA. Ho er tredje hjulet i gruppa Gjetord, som var hovedinnslaget på Sollia.

Denne vokalgjengen pirra nysgjerrigheta vår, og då gjekk turen til Sollia. Ramma var setra på om lag 800 meters høgde. Setervollen var gjort om til festivalplass med serverigstelt og scene. Laurdag kveld slapp publikum til og vi fekk ein visekonsert som varma i det våte veret. Songane varierte mellom lokking, bånsuller religiøse folketonar, slåttestev og balladar. Dei vart vevd saman av Ann Elin Liums mytiske dikt. Saman med disse dikta og anekdotane blei dette ei mytisk forestilling full av varme, nærleik og profesjonelle utøvarprestasjonar. I tusmørkret blei scena opplyst av faklar, noko som var med på å skape ei sterkare ramme kring det som blei framført frå scena.

Mange av dei som driv med vokal folkemusikk har lett for å gløyme at det ofte er ein grunn til at sangen gjerne inneheld ein tekst. Det hadde ikkje desse jentene gløymt. Vi fekk ein fin viseopplevelse i tusmørket mens regnet auste ned over dei frammøtte. Multiinstrumentalisten Ånon Egeland bidro med ukulele, munnharpe og feler. Saman med Sarah Nagells feler og harpe blei dette ein musikk- og sangopplevelse som var vel verdt ei god dagsreise i bil.

Seterdagane blei avslutta med friluftsgudsteneste søndagen. Presten knytta innhaldet i gudstenesta til visearrangementet og hadde lagt mange typiske tradisjonsviser inn i salmeutvalet. Akkompagnert av fele og gitar lød det kraftig sang ut over setervollen den søndagen. Reis gjerne dit neste år. Det er ei eiga ro der oppe.

Gløymde eg å fortelje at Sigbjørn Solbakken og John Melhus hadde munnharpekurs under Seterdagane. Berre det å høyre desse to spele saman var ei stor oppleving. Jo, arrangementet kunne gjerne vart lengre.


Til forsida | Om oss | Musikkomtaler | Klubber | Hva skjer? | Artistguide | Oppslag


  Norsk Viseforum - Pb 4647, 0506 Oslo - Besøksadr. Trondheimsvn. 2 - Telefon: 22 00 56 30  |  Design/ webred: Øyvind Rauset, rauset.no